Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland, Aust Agder og Vest Agder fylkeskommunar har, etter vedtak i dei fem fylkestinga, stifta Sørvest Bomvegselskap AS. Selskapet er eit felles bompengeselskap for Sørlandet og Vestlandet, med Bergen som forretningsadresse. Selskapet er eigd av dei fem fylkeskommunane med lik eigardel. Sørvest Bomvegselskap AS blir eitt av dei fem regionale bompengeselskapa som til saman dekkjer heile landet. Alle bompengeprosjekt på Sørlandet og Vestlandet vil på sikt bli samla i dette selskapet.

Målet er å gjere bompengesystemet meir brukarvenleg og å profesjonalisere og effektivisere innkrevjinga og finansforvaltninga av bompengar på Vestlandet og Sørlandet.

Færre selskap saman med eit meir forenkla og harmonisert takst og rabattsystem, skal  gjere bompengesystemet meir brukarvenleg. Bilistane i regionen vil på sikt berre ha éin avtale og slepp å inngå avtalar og betale inn forskottsbeløp i mange selskap. Eit anna hovudmål er å profesjonalisere og effektivisere innkrevjinga og finansforvaltninga.  Eit større og varig selskap vil kunna handtere heile verdikjeda i bompengeinnkrevinga.


Sørvest Bomvegselskap sitt formål er å førestå bompengefinansiering av utbyggingsprosjekt i fylka Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland, Vest Agder og Aust Agder. Selskapet har oppgåver i høve til vedtekne innkrevjingsprosjekt. Det skal ikkje nyttast som ein pådrivarorganisasjon for nye vegprosjekt. Selskapet skal ikkje gje aksjeeigarane økonomisk utbytte.

Paul M. Nilsen, tidlegare fylkesrådmann i Hordaland, er tilsett som arbeidande styreleiar. Han vil i startfasen arbeide med å innfusjonere eksisterande bompengeselskap i Sørvest Bomvegselskap og avklara framtidig driftsopplegg for bompengeinnkrevjinga.

Med seg i styret får han Lise Mari Haugen (assisterande rådmann og kommunalsjef for økonomi i Førde kommune), Siri Frafjord Landa (fylkesadvokat i Rogaland), Kristin Tofte Andresen (assisterande fylkesrådmann i Vest Agder) og Ola Olsbu (plan og samferdselssjef i Aust Agder fylkeskommune).

av Torkelsen, Jan H., publisert 27. september 2016 | Skriv ut siden

Siste fra Samferdsel

  • Taxi
    av ansk55, 24.05.17

    Ledige drosjeløyver i Vest-Agder - fast stasjoneringssted

    Les mer
  • Arbeidsutvalg Jernbaneforum Soer Mai 2017
    av elma11, 18.05.17

    Fortsatt JA til sammenkobling av Vestfoldbanen og Sørlandsbanen, -Prosjektet har stor samfunnsnytte

    Les mer
  • Ketil Solvik Olsen
    av jto, 16.05.17

    Ny belønningsavtale med Kristiansandsregionen

    Les mer