- Vi foreslår no å endre drosjereguleringa, for å få ein drosjemarknad som fungerer betre enn i dag og som legg til rette for meir innovasjon og større valfridom for kundane. Dette er viktige skritt mot morgondagens mobilitet, seier samferdselsminister Jon Georg Dale i ei pressemelding.

Konkurransen i drosjemarknaden funerer for dårleg i dag.  Ny teknologi og endra reisevaner kan endre folk sin bruk av drosjer vesentleg i åra som kjem. I tillegg opplev drosjenæringa auka konkurranse gjennom delingsøkonomiens intraden.

Nye aktørar som ser nye måtar å tilby drosjetenester på kan få legale måtar å ta opp konkurransen på. Dette skuldast i stor grad at ein fjernar fylkeskommunane sin heimel for å sette ei øvre grense for kor mange løyver til å køyre drosjer det kan vere i fylket, såkalla behovsprøving. Ved å fjerne denne hindringa legg regjeringa til rette for at nye aktørar kan etablere seg i marknaden, fordi det no blir lettare å få tildelt nye løyver.

Andre endringar i regelverket er at drosjene ikkje lenger treng å vere knytt til ein drosjesentral, at det er færre krav til løyvehavar, men fleire krav til sjåføren. Eksempelvis må det gjennomførast opplæring i førstehjelp for sjåfør og prøva vil vere på norsk.

- Vi ønsker større konkurranse for å gi passasjerar eit fleksibelt drosjetilbod. Dette er spesielt viktig i ei tid der omsetninga i drosjenæringa går nedover og nye bildelingstenester blir stadig meir populære. Med endringane vi no gjer, kan det kome nye forretningskonsept fordi bransjen kan organisere seg som dei sjølv vil og formidling av drosjetenester vil kunne skje ved hjelp av nye løysingar. Dette kan føre til betre, billegare og meir tilgjengelege tenester for passasjerane, seier samferdselsministeren.

Sikrar eit godt tilbod i distrikta

- Det skal vere eit godt drosjetilbod i heile landet. I 384 av landets 422 kommunar vil fylkeskommunane få høve til å dele ut einerett til eitt eller fleire selskap for å kjøre drosje, dersom dei ser behov for det. Slik blir det mogleg å sikre tilbodet der marknaden i seg sjølv ikkje gir eit godt nok tilbod. Med dette sikrar vi eit framleis godt drosjetilbod i heile landet, seier Dale.

Einerettane vil fylkeskommunane få ansvar for. Fylkeskommunane kan velje å sette krav til eksempelvis pris, og at drosjene skal vere tilgjengelege heile døgnet for å sikre eit fullverdig tilbod. Einerettane vil gjelde inntil fem år. Det er lenge nok til at drosjeselskapa får etablert eit godt og stabilt tilbod.

Ei trygg reise med norske vilkår

- Det skal vere trygt å ta drosje. Alle som skal drive med drosje treng fortsatt løyve og må vere registrert som eit norsk føretak. Dei må med andre ord følge norske lovar og reglar. Medan det blir færre krav til løyvehavar, blir det fleire krav til sjåføren. På den måten sikrar vi at det faktisk er den som køyrer som har den nødvendige kompetansen. I tillegg ønsker vi å loggføre alle drosjeturar. Det bidreg til tryggleiken, seier samferdselsministeren.

Det nye regelverket skal sikre ei seriøs og trygg drosjenæring for både passasjerane og sjåførane. Alle som ønskjer å drive drosjeverksemd må oppfylle krav til mellom anna god vandel, registrering av føretaket i Brønnøysundregisteret og må kunne dokumentere at ein ikkje har uteståande krav på skatt og avgifter eller er under konkursbehandling.

Det blir òg strengare krav til bilførarane ved å innføre eit fagkompetansekrav for sjåførar som vil køyre drosje. Det vil framleis vere krav til sikkerheit for køyretøyet. At bilen må vere registrert som drosje vil framleis gjelde, og vil omfatte køyretøy som blir nytta til drosjetransport på både heiltid og deltid. Bilar nytta som drosje må til EU-kontroll ein gang i året.

Det er framleis krav om taksameter. Det er eit viktig instrument for å sikre at alle som driv med drosje betalar skatt. Regjeringa fekk nylig ein rapport frå Justervesenet som ser på alternativ til taksameter. Det må vere ny teknologi som varetek oppgåva som taksameter gjer i dag. Rapporten er til vurdering i Samferdselsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet.

Gjeld frå 2020

Regjeringa har foreslått at endringane skal tre i kraft 1. juli 2020. Dette er eit halvt år seinare enn først foreslått.

- Her har vi høyrt på innspela vi har motteke. Vi utset starttidspunktet for endringane. Da får bransjen, fylkeskommunane og andre aktørar meir tid til å gjere seg klare for ein ny kvardag, seier samferdselsministeren.

Les meir: 

Prop. 70 L (2018-2019) Endringer i yrkestransportlova (oppheving av behovsprøvingen for drosje mv.)

Spørsmål og svar om endringane

Rapport frå Oslo Economics: Erfaringer med deregulering av drosjemarkedet i andre land og overførbarhet til Norge

Kilde: Samferdsledepartementet

av Torkelsen, Jan H., publisert 15. april 2019 | Skriv ut siden

Siste fra Samferdsel

  • Holdeplass Ved UiA
    av jto, 17.06.19

    Mye positivt i årsrapporten for 2018 fra Areal- og transportplansamarbeidet i Kristiansandsregionen

    Les mer
  • Logo -ATP-samarbeidet
    av jto, 14.06.19

    Det søkes om belønningsavtale for de fire årene, 2020-2023, med en ramme på 500 millioner kroner

    Les mer
  • Mandalskrysset
    av jto, 13.06.19

    Det bør åpnes for et bevertningssted i det nye Mandalskrysset på ny E39

    Les mer