Riksantikvaren har fordelt over 140 millionar kroner til fylkeskommunane. Fem av dei er tildelt Vest-Agder, medan Aust-Agder mottek fire millionar kroner. Pengane skal gå til istandsetjing av freda bygningar i privat eige. -Dei freda husa i Noreg er ein viktig del av kulturarven vår og eigarar av freda bygningar gjer eit viktig arbeid for å ta vare på vår felles historie, seier riksantikvar Jørn Holme som òg oppmodar fylkeskommunane til å gje tilskot til freda bygg på sine eigne budsjett.

I år er det Oppland, Telemark, Hordaland og Østfold som får dei største summane. Lengst i sør får Vest-Agder og Aust-Agder ein betydeleg auke i tilskot samanlikna med i fjor. Det er fylkeskommunane som vel ut og prioriterer dei eigedomane som får tilskot. Men Riksantikvaren kan òg gje føringar for bruken av midlane, og har gjort det i nokre tilfelle.

av Torkelsen, Jan H., publisert 20. februar 2017 | Skriv ut siden