– Moglegheita for å fremje innbyggjarforslag på nett og mobiltelefon gjer at folk enklare kan ta opp saker og bli høyrt, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. Minsak.no er ei nettside der innbyggjarar kan fremje forslag til kommunar og fylkeskommunar. Kommunal- og moderniseringsdepartementet lanserer no ein mobilversjon av nettportalen. Nettsida får også ei ny og meir brukarvennleg utforming. Det vil gjere det enda enklare å fremje og samle underskrifter til innbyggjarforslag til kommunane og fylkeskommunane.

– Det er viktig at innbyggjarane blir gitt høve til å involvere seg i små og store politiske saker i kommunen sin. Og kommunen bør leggje til rette for det. Gjennom å introdusere ein mobilversjon av minsak.no vil vi gi vårt bidrag til gjere det enklare for folk å kome med forslag til kommunen dei bur i. Det er bra for lokaldemokratiet, seier Jan Tore Sanner.

Fakta om innbyggjarforslag:

Alle har moglegheit til å foreslå saker i sin eigen kommune eller fylkeskommune.

For å krevje handsaming i kommunestyret eller fylkestinget trengs det underskrifter frå to prosent av innbyggjarane i kommunen, eller 300 personar i kommunen eller 500 personar i fylket.

Kommunestyret eller fylkestinget er pålagt å ta stilling til innbyggjarforslag som har tilstrekkeleg med underskrifter.

 

av Torkelsen, Jan H., publisert 20. januar 2017 | Skriv ut siden

Siste fra Politikk

  • Takk Til Mørland
    av jto, 22.09.17

    Sørlandsrådet takket Tellef Inge Mørland

    Les mer
  • Valgurne Illustrasjon
    av jto, 18.09.17

    Fylkesvalgstyret oppfordrer til bedre informasjon rundt lovlige endringsmuligheter for senere valg

    Les mer
  • Terje Damman Oe
    av cmd, 06.09.17

    Damman skal lede fellesnemnda

    Les mer