Landbruks- og matdepartementet har sendt på høyring forslag til forskrift om regionale tilskot til næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving i landbruket. Forslaget til forskrift er eit ledd i oppfølginga av regionreforma og overføring av ansvaret for forvaltning av midlar til regionale tilretteleggingstiltak i landbruket (tidlegare utgreiings- og tilretteleggingstiltak) til fylkeskommunane.

I utkastet som blir sendt på høyring blir det foreslått at midlane blir regulert i ei felles forskrift saman med regionale tilskot til rekruttering og kompetanseheving i landbruket, som fylkeskommunane allereie forvaltar.

Høyringsfristen er sett til 15. november.

Kilde: Landbruks- og matdepartementet

av Torkelsen, Jan H., publisert 24. september 2019 | Skriv ut siden