For 2017 er det løyvd 425 millionar kroner ekstra til Belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk, som eit resultat av budsjettforliket hausten 2016. No inviterer Samferdselsdepartementet åtte byområde til å kome med forslag til korleis ein kan nytte pengane.

- Regjeringa og stortingsfleirtalet legg til rette for at trafikkauka i byane kan tas ved hjelp av kollektivtransport, sykkel og gonge. Gode kollektivløysingar for dei store byane er difor avgjerande for å nå dette målet. Med 425 millionar kroner i auka løyvingar til Belønningsordninga etter budsjettforliket, sørger vi for framleis sterk satsing på feltet, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Dei åtte byområda som kan søke er Oslo/Akershus, Bergen, Nord-Jæren, Kristiansand, Buskerudbyen, Nedre Glomma, Grenland og Tromsø. Trondheim har allereie ein bymiljøavtale med belønningsmiddel inkludert, og er tildelt 41 millionar kroner ekstra i budsjettforliket.

Belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk skal stimulere til betre framkome, miljø og helse i storbyområda. Belønningsmidla vil på sikt bli ein del av bymiljø-/byvekstavtalar med desse ni byområda.

- Pengane skal nyttast lokalt, derfor er det viktig at byområda sjølv søker. Dei veit best korleis kvar krone kan nyttast på ein måte som bidreg til nullvekst i personbiltrafikken, seier Solvik-Olsen.

av Torkelsen, Jan H., publisert 25. januar 2017 | Skriv ut siden

Siste fra Samferdsel

  • Taxi
    av ansk55, 06.07.17

    Ledig drosjeløyve i Vest-Agder - Lister Taxi AS

    Les mer
  • Taxi
    av ansk55, 30.06.17

    Ledig drosjeløyve i Vest-Agder - stasjoneringssted Sira i Flekkefjord kommune

    Les mer
  • Elever På Bussen
    av jto, 16.06.17

    Færre velger bil, flere velger buss og sykkel

    Les mer