Ein av ti ungdommar har eit forhold til UKM (Ung Kultur Møtes), som utøvar eller som publikum. Færre ungdom i Kristiansand og andre større byar deltek mindre grad i UKM enn ungdom i små kommunar og det bør vere eit tettare samarbeid mellom dei kulturelle arenaene der ungdom ferdast. Dette og meir til har vi fått svar på i ei undersøking Agderforskning har gjort på vegne av UKM storbyprosjekt, i regi av Kristiansand kommune og Vest-Agder fylkeskommune.

Statistikkane er tydelige, UKM har ein annan status i byar enn i mindre lokalmiljø. Vest-Agder og Kristiansand har tatt fatt i dette, og med økonomisk støtte frå Cultiva, UKM Norge og VAF er det sett i gang eit storbyprosjekt som har som mål å auke rekruttering, og finne metodar for å nå akkurat det målet. Gunn-Hilde Erstad er tilsett i ei lita stilling som koordinator i ein tre års periode.  Første oppgåve i prosjektet var kartlegging av kjennskap og deltaking i UKM, der ein spurte elevar i 10. klasse og i andre vidaregåande i Kristiansand.

Rapporten finn du her:

 

av Torkelsen, Jan H., publisert 19. september 2016 | Skriv ut siden