Riksantikvaren har fordelt årets tilskot til istandsetting og vedlikehald av utvalde tekniske og industrielle anlegg. 15 anlegg får støtte gjennom ein fast post i statsbudsjettet til istandsetting, forvalting, drift og vedlikehald. Arbeidet med istandsetting av Bredalsholmen verft i Kristiansand vidareførast. Verftet er tildelt 3 521 946 kroner. Også Sjølingstad uldvarefabrik i Lindesnes mottar 3 558 137 kroner.

- Med bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne ønskjer vi å bevare utvalde historiske anlegg for framtida. Målet er at alle dei 15 anlegga i bevaringsprogrammet skal ha eit normalt vedlikehaldsnivå innan 2020. Årets fordeling  er gjort med tanke på å nå dette målet, seier riksantikvar Jørn Holme.

For 2017 fekk Riksantikvaren inn søknader frå totalt 24 tekniske og industrielle kulturminne på til saman 143 millionar kroner. Riksantikvaren hadde rundt 56 millionar kroner til fordeling, som dekkjer om lag 40 prosent av den samla søknadssummen.

av Torkelsen, Jan H., publisert 8. mars 2017 | Skriv ut siden