På Austegard i Åseral kommune står eit bur frå mellomalderen, kjend under namnet «Skraddarburet». Dette er den eldste profane (ikkje-religiøse) trebygningen i Vest-Agder. Skraddarburet» er freda etter kulturminnelova, som seier at alle bygningar erklært eldre enn frå før 1650 er automatisk freda. Riksantikvaren gav i 2015 og 2016 tilskot til restaurering av bygningen, etter at taket hadde blåse av. I dag er «Skraddarburet» ein av tre profane trebygningar frå mellomalderen som er bevart i Vest-Agder. Den eldste delen av buret er den nedste høgda, og er årringsdatert til 1520-1530. Den andre høgda vart tilført seinare, ein gong på 1600-talet.

Buret, eller stabburet, var ein av dei viktigaste bygningane på garden i mellomalderen (1030-1537). Det var i denne bygningen det blei lagra matforsyningar og klede. Ifølgje Gulatingslova hadde ein rett til å drepa ein mann som vart teken i å stela frå buret, noko som fortel om kor viktig buret var.

Opphavet til namnet «Skraddarburet» kjem frå ein av dei tidlegare gardbrukarane på Austegard, Knut Nilsson Mørk (?-1645) – eller Knut «Skraddar» som han også blei kalla. Soga om han, Skraddarsoga, er ei dramatisk forteljing.

Knut var opphavleg dansk, men blei i ung alder sendt til ein onkel som budde i Bergen. Onkelen betala skreddarutdanning for nevøen sin, og Knut fekk dermed tilnamnet «skraddar».

Soga fortel vidare at Knut skal ha jaga tre tjuvar heilt opp til Vardø, som hadde stole ein stor sum pengar frå kongens kasse i Bergen. Løna for å få tak i tjuvane var pengane som hadde vorte stole. Etter slagsmål og drap fekk Knut til slutt den store pengeløna.

Skreddarburet Dør

Inngangsdøra i første høgda på «Skraddarburet» med dekorerte burski. .Knut flytta seinare til Austegard, og kjøpte mange gardar og eigedommar i nærområdet. Om Skraddarsoga fortel sanninga om korleis Knut skal ha vorte rik er likevel usikkert. Vi veit i dag at Knut dreiv mykje med skoghandel, og han kan også ha vorte velståande av dette.

Tilbake til opphavleg tak

 

Skreddarburet Ferdig Restaurert

«Skraddarburet» blei restaurert i 1994, gjennom Riksantikvarens mellomalderprosjekt som skulle setje i stand alle profane mellomalderbygg. Det blei mellom anna bytta spontak, og svalgongane i andre høgda blei rekonstruert da desse ikkje eksisterte.

I 2014 bles taket av i ein storm, og måtte igjen restaurerast. Det var berre materiale frå restaureringa i 1994 som blei skada, men det nye taket kravde like vel enkelte forsterkingar av eldre materialar. Riksantikvaren gav tilskot til dette gjennom bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige. Hausten 2016 var restaureringsarbeida avslutta.

Taket på buret skal også ha blåse av på byrjinga av 1900-talet. På dette tidspunktet var det også mest truleg eit spontak på bygningen. Opphavleg har «Skraddarburet» derimot hatt eit torvtak, noko som har gjort at eit lettare spontak har vore meir utsatt for sterk vind. Derfor blei det bestemt i 2015 at det nye taket skulle vere eit torvtak. Foto: Kjell Andresen, Riksantikvaren.

Les meir:

Les meir om Riksantikvarens bevaringsprogram for freda bygningar i privat eige.

Kjelder: Liestøl, Tarjei (1976) «Åseral: Gard og ætt», Band I. Åseral Bygdesogenemd.

Foto: Kjell Andresen, Riksantikvaren

av Torkelsen, Jan H., publisert 20. desember 2016 | Skriv ut siden