Regjeringa har vedteke å vidareføre den nasjonale terskelverdien for å gjennomføre konkurransar for offentlege innkjøp på 500 000 kroner.– Auken frå 200 000 til 500 000 har berre verka i tre månader. Dette er ein auke på 150 prosent og bør få verke ei stund, seier fornyingsminister Heidi Grande Røys.Samtidig er det avgjort at det ikkje skal innførast plikt til foreinkla kunngjering ved kjøp over 100 000 kroner.– Dette vil gjere mindre innkjøp enklare for kommunane. I arbeidet med eit nytt regelverk har det vore eit mål å forenkle og forbetre dagens reglar. Det målet har eg tenkt å vidareføre, seier statsråden.

For å luke ut useriøse verksemder må alle leverandørar leggje fram skatteattest og ei eigenerklæring om helse, miljø og tryggleik når det blir kunngjort konkurransar ved kjøp over 100 000 kroner. Regjeringa har òg bestemt seg for å innføre protokollplikt for kjøp over 100 000 kronar, noko som vil sikre ein ryddig prosess òg rundt dei mindre innkjøpa.
For det er viktig å ha eit regelverk som førebyggjer kameraderi og korrupsjon.
– No skal vi hauste erfaringar med den nye terskelverdien. Om to år skal det gjennomførast ein analyse av korleis dette har virka, og på kva måte ein kan heve terskelen vidare, jamfør Soria Moria-erkleringa, seier Grande Røys.
Det er på det reine at mange brot på reglane skuldast manglande kunnskap. Departementet vil derfor greie ut behovet for å styrkje tilbodet om rådgjeving. Men medvitne og overlagde brot vil få konsekvensar. Statsråden vurderer no å innføre sanksjonar mot ulovlege direkteinnkjøp i tråd med forslaga frå ei arbeidsgruppe som har sett på slike regelbrot.
Departementet har tidlegare gått ut med at det nye regelverket for offentlege innkjøp skal tre i kraft frå nyttår. Som følgje av at den nye regjeringa har trengt noko tid til å setje seg inn i arbeidet med å revidere regelverket, vil dei nye forskriftene ikkje vere ferdige til nyttår. I tillegg kan ikkje Noreg gjennomføre dei nye innkjøpsdirektiva frå EU før dei formelt er blitt ein del av EØS-avtalen. Det er ikkje klart når dette skjer, med departementet forventar at forskriftene vil kunne tre i kraft i løpet av våren 2006.
Det offentlege bruker ca. 240 milliardar i året på ulike innkjøp, noko som tilsvarer over 15 prosent av BNP

av Torkelsen, Jan, publisert 14. desember 2005 | Skriv ut siden