Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys holdt i dag et innlegg på en stor næringslivskonferanse på Lillehammer. Et av temaene hennes var Forvaltningsreformen. Timeplanen er realistisk, men ambisiøs: Vi har sagt at reforma skal kunne setjast i verk frå 1. januar 2010. Då har vi ikkje meir enn tida og vegen. Dette har vore utgreidd så lenge, og utsett fordi det er ei vanskeleg sak. No er tida inne for å ta ei avgjerd, sa statsråden
 

– Formålet med reformen vil vere å etablere eit fornya og meir robust regionalt forvaltningsnivå. Regionnivået skal vere den sentrale aktøren for regional utvikling. Regjeringa vil sjå på korleis det regionale folkevalde nivået skal organiserast, kva for oppgåver som skal desentraliserast til de nye regionane og til kommunane, samt korleis vi samstundes kan omorganisere fylkesmannsembeta, understrekte Grande Røys.
-Reformen vil få verknad for mange statlege tilsette, fordi vi skal sjå på om oppgåver skal desentraliserast, og ein skal stå til teneste for nye, kanskje større regionar, men same kommunekart. Vi må òg vurdere om noko skal gjerast med regionorganiseringa i nokre av dei statlege etatane.
Hun opplyste at Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om desse spørsmåla til hausten. -Kommunal- og regionaldepartementet vil ha hovudansvaret for meldinga, men mitt departement vil ha ansvaret for ein gjennomgang av regional stat, medrekna den framtidige innretninga av fylkesmannsembeta.
-Dei seinare åra har den statlege regionalforvaltninga som kjent vore gjenstand for omfattande endringar. Frå 1997 har heile 29 etatar endra organiseringa si på regionalt nivå. Det er ein klår tendens til at fylket vert mindre viktig som eining for inndeling og at det skjer ei samanslåing til færre og større einingar. Dette inneber mellom anna utfordringar i høve til utsiktene til å kunne samordne ulike sektorområde. I ei kartlegging som Statskonsult gjennomførte i 2002 peiker både kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn på at den ulike regioninndelinga av statleg verksemd skaper dels utfordringar og dels direkte problem. Men undersøkinga viste òg at næringslivet ser på den differensierte inndelinga som ei ulempe.
-Ein veikskap ved denne undersøkinga er at det er få einingar som er spurde. Eg vil derfor ta initiativ til ei meir omfattande undersøking der vi vil sjå på kva konsekvensar den fragmenterte organiseringa har for samordninga mellom ulike statlege organ på regionalt nivå, for kontakten mellom regional stat og kommunar/ fylkeskommunar og mellom regional stat og næringslivet. Eg vil då få eit betre grunnlag for å gjere framlegg om eventuelle tiltak for å få til ei meir samordna organisering, sa ministeren.

av admin, publisert 25. januar 2006 | Skriv ut siden