- Eg har merka meg at rapporten trekkjer fram at bruk av anbod i somme rutesamband har ført til noko lågare kostnader for ruteselskapa og dermed til redusert behov for tilskott frå det offentlege. Samferdselsminister Liv Signe NavarseteRapporten viser at slike innsparingar i stor grad er tatt ut i form av redusert tilskott framfor utvida og forbetra tilbod til dei reisande.

- I det vidare arbeidet med å vurdere bruk av konkurranse og ulike kontraktformer i rutebilsektoren må det difor leggjast meir vekt på å få fram verknadene for publikum. Samferdselsdepartementet vil setje i gang i ugreiingsarbeid som tar for seg desse sidene ved bruk av anbod. Når det så gjeld verknader for løns- og arbeidsforhold for dei tilsette i rutebilnæringa, vil dette bli vurdert nærmare i ei utgreiing som skal gjennomførast på oppdrag frå Samferdselsdepartementet, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Les meir på heimesidene til TØI

av Torkelsen, Jan, publisert 22. juni 2006 | Skriv ut siden