- Etter å ha kjørt nokre tusen kilometer i sommar, er eg flau over korleis mange av asfaltdekka ser ut og at oppmerkinga mange stader er dårleg. Eg kan forsikre om at det også er mykje både under og ved sidan av asfalten som også burde hatt eit betre vedlikehald , sier vegdirektør Olav Søfteland i Statens Vegvesen til flere medier i dag.  I en kronikk i bladet Vegen og vi innrømmer vegdirektøren at den norske veistandarden er verre enn noen gang. Ifølge Vegdirektoratet har riksvei og fylkesveiene et vedlikeholdsetterslep på 26 milliarder kroner. Det skyldes i hovedsak for lite penger til vei over mange år, mener Søfteland.

Søfteland viser til  ”Vegkapitalprosjektet” som Statens Vegvesen nylig har gjennomført. Det viser et manglende utført vedlikeholdsarbeid på riksvegene som ville ha kostet 14 milliarder kroner. Tilsvarende beløp for fylkesvegene er 12 milliarder kroner.
-Vi får for lite pengar til vedlikehald av vegane våre. Dette har vi sagt tenesteveg i mange år, og eg synest at det er vist forståing for synspunkta våre. Men i kampen om pengar til investeringar i nye vegar, trafikksikringstiltak, lovpålagte tiltak og ønskje om omfattande planleggjing, har vedlikehaldet tapt. Vi har heller ikkje fått nok kompensasjon for trafikkveksten, sier Søfteland på Vegvesenets nettsider.
-Sjølvsagt har vi i Vegvesenet også vore svært interessert i og dermed pådrivar for nyinvesteringar. Når eg no ser ser korleis vegnettet ser ut, må eg medgi at vi kanskje kunne sagt klarare ifrå om at vi burde prioritere vedlikehaldet høgare. La dette vere ei viktig erfaring i framtidig budsjettarbeid og langtidsplanlegging som arbeidet med Nasjonal transportplan. Det må setjast av nok pengar til vedlikehald av eksisterande vegar. Ved ombygging av eksisterande vegar vil vi også få tatt igjen noko av forfallet, uttrykker Søfteland.

av admin, publisert 24. august 2006 | Skriv ut siden