Fleire personar med nedsett funksjonsevne skal få jobb i staten, går det fram av hjemmesiden til Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Regjeringa har bestemt at kvart departement skal rekruttere ein høgt utdanna person med nedsett funksjonsevne til ei traineeordning. Målet er at dei tilsaman 18 traineeane skal rekrutterast i haust og gå inn i eit opplæringsprogram i departementa frå 2007.  Fornyings- og administrasjonsdepartementet ber no om tilbod på utforming og gjennomføring av traineeopplegget, som skal utformast i samarbeid med ei referansegruppe med både brukerorganisasjonar og hovudsamanslutninger.

- Eg er svært glad for at vi har klart å få til eit traineeprogram for personar med nedsett funksjonevne. Dessverre er det slik at dei ofte møter stengde dører når dei prøver å kome seg inn på arbeidsmarknaden. Eg håper dette programmet kan gjere noko med haldningane til dei som skal tilsette nye medarbeidarar, både i statleg og privat sektor, seier Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys.
Ifylgje Statistisk Sentralbyrå er 44 prosent av dei i yrkesaktiv alder med nedsett funksjonsevne sysselsette, medan talet for alle innbyggjarane mellom 16 og 66 år er på 74 prosent (2. kvartal 2005). I tillegg har 4 av 10 av dei 44 prosenta deltidsstillinger. Personar med nedsett funksjonsevne har dårlegare samla levekår enn snittet, og dei har lågare inntekt. Ein av dei største barrierane for høgt utdanna personar med nedsett funksjonsevne er overgangen mellom utdanning og arbeid.
Traineeprogrammet er ein del av den tiltaksplanen som regjeringa arbeider opp mot, og skal såleis bidra til at statlege arbeidsgjevarar rekrutterer og held på fleire tilsette med nedsett funksjonsevne. Målet for tiltaksplanen er at minst 5 prosent av alle nytilsettingar i statleg sektor skal være av personar med nedsett funksjonsevne.
Det har tidlegare blitt gjennomført to traineeprogram for personar med høg utdanning, men dei har hatt manglar når det gjeld universell utforming, noko som førte til at personar med nedsett funksjonsevne falt utanfor. Det skal no rettast på med denne tredje traineeperioden, som er spesielt retta mot høgt utdanna personar med eit handicap. Kandidatar som deltek på programmet må ha utdanning på høgskule-/universitetnivå.

av admin, publisert 1. august 2006 | Skriv ut siden

Siste fra Politikk

  • Klimasterik Logo
    av jto, 23.04.19

    Interpellasjon om klimastreik og fravær

    Les mer
  • Harald -Fauskanger -Andersen
    av jto, 23.04.19

    Interpellasjon om Jernbaneforums Sørs fremtidige prioritereringer

    Les mer
  • Janne -Karin -Nesheim
    av jto, 16.04.19

    Fylkestingsrepresentant Janne Karin Nesheim fra Arbeiderpartiet har søkt om fritak

    Les mer