”Fylkeskommunen har fått eit dårleg rykte. Det florerer med negative karakteristikkar….Den varsla regionreforma møter motstand”, skriver han innledningsvis. ”Fylkesidentiteten er sterkare enn mange hadde tenkt. Mange har reagert negativt på tanken om at tradisjonsrike politisk-administrative inndelingar som for eksempel Rogaland, Hordaland eller Finnmark skulle bli borte. Sterke kjensler i distrikts-Norge er knytt til fylkesnamnet.
”Som oppgåveløysar gjorde heller ikkje fylkeskommunen nokon dårleg jobb. Fylkeskommunen leverte tenester av bra kvalitet. Brukarane var stort sett godt tilfreds med tenestene frå vidaregåande skular, tannhelse og kulturinstitusjonar. Ja, til og med pasientane var tilfreds med omsorg og pleie på sjukehusa. Under Bondevik II blei det sagt at fylkeskommunen skulle få ei ny rolle som "utviklingsaktør". Men fylkeskommunen har vore ein viktig moderniseringsagent heilt frå Nordre Bergenhus amtskommune i 1858 kjøpte den første dampbåten for trafikk på Sogn-Bergen og til Troms fylkeskommune i dag går i spissen for breiband-utbygging i fylket. Ikkje minst på kulturområdet har fylkeskommunen stimulert til felles innsats i distrikta: Fylkesorkester, fylkesteater og -opera, opningar for eksperimentell kunst”, skriver Baldersheim
”Norge treng eit regionalt, folkevald styringsnivå. Kanskje fylkeskommunen er svaret?, avslutter Baldersheim sin kronikk med.

av admin, publisert 26. september 2006 | Skriv ut siden