Auken til kulturinstitusjonar i Vest-Agder er fordelt slik:
1,93  millionar kroner til Kristiansand Symfoniorkester
1.36  millionar kroner til Vest-Agder-museet
0.41  millionar kroner til Sørlandets kunstmuseum
0.39  millionar kroner til Opera Sør i Kristiansand
0.32  millionar kroner til Nettstad for unge kunstnarar, Trafo.no
0.20  millionar kroner til Agder naturmuseum og botaniske hage
- Kulturlyftet betyr at ein satsar på kultur i Vest-Agder. Det skal koma alle til gode, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.
Mange andre ordningar under Kulturrådet vil også koma Vest-Agder til gode. Festivalstøtte, ensemblestøtte, korsatsing, korpsstøtte og rockesatsinga er tiltak som skal fordelast over heile landet.

av Torkelsen, Jan H., publisert 6. oktober 2006 | Skriv ut siden