Ordninga er todelt: Fylkeskommunane er ansvarlege for at elevane får nødvendige trykte og digitale læremiddel. Fylkeskommunane bestemmer sjølve korleis dei vil organisere gratisordninga. I tillegg blir det innført eit ikkje-behovsprøvd stipend gjennom Statens lånekasse for utdanning som skal vere med på å dekkje utgifter som elevane har til andre læremiddel og nødvendig individuelt utstyr. Det kan til dømes vere klede i samband med yrkesfag, idrettsutstyr eller kalkulator.
Det behovsprøvde læremiddelstipendet som eksisterer i dag, blir fasa ut.
Regjeringa har lagt vekt på å finne ei ordning der fylkeskommunen som skuleeigar får velje læremidla i størst mogleg grad. Det skal vere med på å gjere skulane utviklingsorienterte og kvalitetsbevisste. Ordninga støttar òg føresetnaden i dei nye læreplanane om metodefridom for skulane når det gjeld bruk av læremiddel – til dømes digitale læremiddel. I revidert nasjonalbudsjett for 2006 blei det løyvd 50 millionar kroner til å utvikle og bruke digitale verktøy.
Våren 2007 kjem Regjeringa til å foreslå å endre opplæringslova, sidan fylkeskommunane no får ansvar for at elevane i den vidaregåande opplæringa får gratis trykte og digitale læremiddel.
Lærlingar er ikkje omfatta av ordninga med gratis læremiddel.
Satsane for stipendet er like for åra i skulen, og fordelinga på utdanningsprogramma er foreslått slik (gjeld for Vg2 frå hausten 2007, Vg3 frå hausten 2008 og Vg1 frå hausten 2009):
Utdanningsprogram
Sats per år
Studiespesialisering
800 kroner
Musikk, dans og drama
800 kroner
Elektrofag
800 kroner
Helse- og sosialfag
800 kroner
Medium og kommunikasjon
800 kroner
Service og samferdsel
800 kroner
Bygg- og anleggsteknikk
1 800 kroner
Naturbruk
1 800 kroner
Teknikk og industriell produksjon
1 800 kroner
Idrettsfag
2 600 kroner
Design og handverk
2 600 kroner
Restaurant- og matfag
2 600 kroner

av Torkelsen, Jan H., publisert 6. oktober 2006 | Skriv ut siden