Fylkesrådmannen gjer lokaldemokratikommisjonen ros for grundig arbeid. NOU 2006:7 vil etter vårt syn vere ein nyttig reiskap i arbeidet med å styrke lokaldemokratiet, seier fylkesrådmannen i sin tilråding for fylkesutvalet
 
Høyringssvaret tar opp seks ulike tema

I sitt forslag tilrår fylkesrådmannen fylkesutvalet å treffe slikt vedtak: 
Det regionale nivået
I mandatet til kommisjonen står det i punkt seks: ”Redegjøre for og drøfte hva organiseringen av kommunene og fylkeskommunene betyr for lokaldemokratiet.” Vest-Agder fylkeskommune finn at kommisjonen i liten grad har sett på dei særskilte demokratiske utfordringane knytt til fylkeskommunen i dag og dei nye regionane i framtida. Me ser på dette som ein mangel ved utgreiinga.
Sosial representativitet/tiltak retta mot einskilde grupper
Utgreiinga legg vekt på at det trengst særlege tiltak for å sikre lokalpolitisk medverknad og representasjon frå alle grupper i befolkninga. Vest-Agder fylkeskommune er einig i at ein må leggje til rette for deltaking og engasjement frå kvinner, ungdom og personar med etnisk minoritetsbakgrunn. Eit relevant tema som ikkje blir drøfta i utgeiinga, er røynslene med innvandrarråd i kommunar og fylke. Det hadde vore på sin plass å ta med dette.
Fleirtalet i kommisjonen rår til å fjerne lovfesting av eldreråd og råd for funksjonshemma. Vest-Agder fylkeskommune meiner at ordninga med eldreråd og råd for funksjonshemma må evaluerast før ein eventuelt fjernar lovfestinga.
Ulike organisasjons- og eigarskapsformer.
Eit resultat av omstilling i kommunal sektor er at kommunar og fylkeskommunar etablerer ulike selskap og stiftingar på sida av den tradisjonelle organisasjonen. Vest-Agder fylkeskommune ser at dette utfordrar den demokratiske kontrollen med fellesskapet sine middel. Me støttar kommisjonen si tilråding om å få kartlagt omfanget og konsekvensane av selskapsdanningar.   
Ordning med felles valdag
Vest-Agder fylkeskommune støttar kommisjonen si tilråding om å føre vidare ordninga med felles valdag for kommune- og fylkestingsval, og å halde stortingsval for seg. 
Mange bør få høve til å delta
Ein tar best vare på verdiar som mangfald og medverknad når mange får høve til å delta i folkevalde organ, og når dei folkevalde kan trekke med fleire i råd og utval. Kommisjonen peiker t.d. på høvet til å bruke barn og unge under stemmerettsalderen som medlem i råd og utval, men at reglar om gjennomgåande representasjon hindrar dette. Vest-Agder fylkeskommune har sans for tanken om å trekke inn barn og unge i større grad.
Senking av stemmerettsalderen
Kommisjonen har vurdert spørsmålet om å senke stemmerettsalderen ved lokalval til 16 år. Fem av medlemma i kommisjonen går inn for dette. Vest-Agder fylkeskommune støttar mindretalet, og går inn for å gje 16-åringane stemmerett. Ungdommen i dag har gode høve til å orientere seg om samfunnsspørsmål, og stemmerett kan, saman med andre tiltak, vere eit incitament til engasjement.
BAKGRUNN FOR SAKA
Lokaldemokratikommisjonen blei oppnemnt og gitt mandat ved Kronprinsregenten sin resolusjon av 12.mars 2004.  Kommisjonen si første utgreiing dreidde seg om utviklinga i tilhøvet mellom stat og kommunar og ulike konsekvensar dette har for eit levande demokrati: NOU 2005:6 ”Samspill og tillit – Om staten og lokaldemokratiet”.
Kommisjonen si andre delutgreiing er: NOU 2006:7 Det lokale folkestyret i endring? Om deltaking og engasjement i lokalpolitikken Denne blei levert 4.april 2006.
Utgreiinga handlar om situasjonen for lokaldemokratiet. Sentrale tema er:
  • Valdeltakinga ved lokalval.  Kommisjonen omtalar den fallande valdeltakinga ved lokalval og vurderer kva denne utviklinga betyr for lokaldemokratiet.
  • Ulike tiltak for å få opp valdeltakinga ved lokalval.
  • Situasjonen for dei politiske partia i lokalpolitikken
  • Rekruttering og representativitet i lokalpolitikken
  • Ulike deltakingsformer utanom det representative demokratiet.
  • Kommunal organisering og demokrati
  • Frivillige organisasjonar og lokaldemokratiet.
Kommisjonen si andre utgreiing er sendt ut på høyring med frist 1. oktober 2006.
Heile utgreiinga kan hentast frå Kommunal- og regionaldepartementet si heimeside på denne adressa: http://odin.dep.no/krd/norsk/dok/hoeringer/paa_hoering/016051-080041/dok-bn.html
Kapittel 1. Hovedkonklusjonar, mandat, samansetjing og arbeidet er lagt ved saka.
VURDERINGAR
1. Det regionale nivået
Ein viktig føresetnad for at folk skal stemme i val og engasjere seg i politisk arbeid og andre former for demokratisk deltaking, er at dei opplever at engasjement og handling gjev meining og reell medverknad. Når valdeltakinga i fylkestingsval er enda lågare enn i kommuneval, tydar dette på at veljarane opplever at det har mindre meining å engasjere seg i samband med det regionale nivået.
Regjeringa arbeider ut frå at regionnivået skal halde fram og styrkast. Det blir ei viktig utfordring å organisere dei nye storregionane på ein måte som gjev dei legitimitet i befolkninga. Då må regionnivået få tilstrekkeleg med oppgåver og verkemiddel til å vere ein viktig tenesteytar og utviklingsaktør. Utfordringane med å engasjere folk i regionalpolitisk aktivitet og brukarmedvernad i høve til regiondekkande tenestar vil på somme vis vere annleis enn i kommunane. Dette kunne ein gjerne ha tematisert i utgreiinga.
2. Sosial representativitet/tiltak retta mot einskilde grupper
  • I vår region har me særskilte utfordringar knytt til kvinnerepresentasjon i politikken. I samband med dette har Vest-Agder fylkeskommune med tanke på lokalvalet i 2007 planlagt eit inspirasjonsseminar for samfunnsengasjerte kvinner.  Dette kan vere eit døme på kva slags særlege tiltak som trengst.
  • Fylkesplan 2002 har eit særskilt kapittel om etnisk mangfald og likeverd som òg bør føre til tiltak med omsyn til demokrati og politisk deltaking. Kristiansand kommune har, som fleire andre kommunar og fylkeskommunar, vedteke å skipe eit innvandrarråd. Dette kan vere ein spennande veg å gå for å auke politisk interesse og medverknad frå ulike minoritetsgrupper, og det kan vere aktuelt å vurdere et fylkeskommunalt innvandrarråd ved seinare høve.
  • Eldrerådet og Fylkesrådet for funksjonshemma går sterkt imot å ta bort lovfesting av plikta til å sette ned desse råda.
Vedtak frå Vest-Agder fylkesråd for funksjonshemmede(18.05.06):
”Vest-Agder fylkeskommunale råd for funksjonshemmede vil peke på at ny lov om råd eller annen representasjonsordning i kommuner og fylkeskommuner for mennesker med nedsatt funksjonsevne m.m. ble vedtatt for bare vel et år siden (17.06.2005). Dette skjedde etter lang prosess og utredninger bla. gjennom NOU 2001:22 Fra bruker til borger og som en oppfølging av forslag i St.meld. nr. 40 (2002-03) – Nedbygging av funksjonshemmende barrierer.
Loven er imidlertid ikke iverksatt. Det tas sikte på at den skal settes i kraft etter kommunevalget i 2007.
Etter fylkesrådets vurdering bør den nå vedtatte lov få sin ikrafttredelse og få virke slik at en vinner noe erfaring med hvordan en slik lovfestet representasjonsordning fungerer.”
Vedtak frå eldrerådet i Vest-Agder(11.09.06):
”Intensjonen bak loven om eldreråd, som trådte i kraft i 1992, var at den skulle gjelde inntil man var kommet så langt at de eldre ville være representert i de folkevalgte styrende organer i forhold til sin andel av befolkningen. Inntil dette blir en realitet ønsket Stortinget å gi den eldre garde en formalisert mulighet til å kunne påvirke de beslutninger som er med og former samfunnsutviklingen. Det var også lovens intensjon at eldres behov skulle ivaretas av ansvarlige organer hvor flertallet ble valgt av de eldres organisasjoner.
På den bakgrunn er det noe vanskelig å forstå – og for øvrig helt i strid med lovens intensjon – når et flertall i Kommisjonen nå går inn for at eldreråd ikke lenger skal være lovpålagt i det hele tatt. Et naturlig spørsmål å stille i denne forbindelsen er hva som egentlig er skjedd i løpet av den tid loven har virket som eventuelt har vært i strid med lovens opprinnelige intensjoner. Når det hevdes at ”lova kan gje eit uheldeg signal om at desse gruppene ikkje bør nominerast, eller delta på linje med andre i representative systemet, og såleis kan vera med å legitimera at dei trekker seg frå politisk virke, så må vi be om forståelse for at en slik argument ikke viker helt seriøs. I alle fall ville det være naturlig med en rimelig dokumentasjon som underbygger denne antydede påstanden. For oss er denne type konsekvenser av den lov som har virket siden 1992 ikke kjent.
Faktum er derimot at de intensjoner som loven bygget på – og som de som vedtok den håpet på – på langt nær er nådd. I midlertid – og det er vel verd å merke seg – og det er vel verd å merke seg – har nettopp loven om lovpålagte eldreråd før til opprettelse av en rekke glimrende talerør for de eldres sak, som i en rekke tilfelle har ført til bedre beslutningsgrunnlag. Dette skulle – etter vår mening – tilsi at i stedet for å så tvil om lovens forlengelse heller burde styrke dens videre eksistens.”
3. Ulike organisasjons- og eigarskapsformar
Røynslene med å skilje ut ulike selskap og stiftingar frå kommunal forvaltning har vore samansette. Dette er viktige spørsmål i høve til lokaldemokrati og folkevald kontroll over fellesskapet sine middel.  Vest-Agder fylkeskommune bør vere med å markere skepsis til utviklinga, og be om ei systematisk utgreiing om omfang og konsekvensar.
4. Ordning med felles valdag
Det er ein tydeleg tendens til at lokale saker og listekandidatar blir utydelege i høve til nasjonale saker og frontfigurar som vert eksponert gjennom media.  Det vil vere lettare å halde fokus på lokale saker om ein har separate lokalval.
5. Mange bør få høve til å delta
I Vest-Agder blei talet på fylkestingsrepresentantar redusert før førre val. Dette kunne ein forsvare ut frå at fylkeskommunen hadde mista viktige oppgåver. Generelt må ein vere varsam med å kutte ned talet på representantar så mykje at det reduserer arbeidskapasiteten og mangfaldet i politiske organ. Det kan vere ein stor fordel å ha høve til å velje mellom fleire enn dei folkevalde når råd og utval skal settast saman.  Dette kan bringe inn nye perspektiv og friske krefter. Dette punktet er inspirert av KS Agder sitt høyringssvar. Jf. http://www.ks.no/templates/Page.aspx?id=36855
6. Senking av stemmerettsalderen
Det er lenge sidan demokratiet har blitt utvida ved å gje større delar av befolkninga stemmerett. I ei tid når utviklinga går fort, og mange unge tidleg skaffar seg viktig kompetanse i høve til utviklingstrendar og ny teknologi, kan det vere naturleg å trekke ungdom meir aktivt inn i demokratiske prosessar. Stemmerett for 16-åringar føresett god opplæring og rettleiing gjennom skolen og andre kanalar.

av Peersen, Tor, publisert 2. oktober 2006 | Skriv ut siden

Siste fra Politikk

  • HKU På Vennesla Bibliotek
    av jto, 24.04.19

    Vennesla kulturhus er blitt en solid kulturspreder

    Les mer
  • Klimasterik Logo
    av jto, 23.04.19

    Interpellasjon om klimastreik og fravær

    Les mer
  • Harald -Fauskanger -Andersen
    av jto, 23.04.19

    Interpellasjon om Jernbaneforums Sørs fremtidige prioritereringer

    Les mer