- Inntekter frå bompengeordningar i storbyane bør nyttast på ein måte som betrar miljøet, kjem alle grupper av trafikantar til gode og fører til eit betre og meir samordna transportsystem. Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete, i ei pressemelding, i samband med at det i statsråd i dag er lagt fram eit forslag om å endre veglova slik at bompengar kan brukast også til tiltak for drift av kollektivtrafikk. Forslaget til lovendring er utforma med særleg sikte på å leggje til rette for eit meir miljøvennleg og effektivt transportnett i storbyområda, og det omfattar all former for rutegåande kollektivtrafikk, medrekna jernbane, sporvogn og tunnelbane.

av admin, publisert 23. november 2007 | Skriv ut siden