Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell lanserte i dag realfagskampanjen "Den verkelege verda". Kampanjen skal få alle 15-åringane i landet til å sjå dei spennande tilboda som ligg der om ein vel å satse på realfaga. -Viktige samfunnsspørsmål i høve til klima og bistand krev auka realfagleg kompetanse. Mange spennande yrke er også baserte på realfagkunnskap, seier kunnskapsministeren i ei pressemelding.

Solhjell viser til at norsk samfunns- og næringsliv har behov for fleire tusen nye medarbeidarar med realfagkompetanse dei neste åra. –Eg vonar kampanjen vil medverke til å bryte ned nokre av Bård Vegar Solhjell mytane omkring dei yrka der realfag er nødvendige, seier han. Bård Vegar Solhjell
Kunnskapsdepartementet koordinerer arbeidet med kampanjen som har som mål å få fleire elevar til å velje realfag på vidaregåande skule. Mellom anna satsar ein på to reklamefilmar som skal gjere elevane nyfikne på kampanjesida www.denvirkeligeverden.no . På denne nettsida kan elevane finne meir informasjon om alt det spennande som opnar seg dersom dei vel ei realfagleg utdanning. I tillegg er det utarbeidd brosjyrar og plakatar som ligg i ei kampanjepakke som skal sendast til alle ungdomsskular i landet.

av admin, publisert 5. februar 2008 | Skriv ut siden

Siste fra Utdanning

  • Søgne Videregående Skole
    av jto, 15.11.19

    Søgne videregående skole inviterer til informasjonsmøte 20. november

    Les mer
  • Ungt Entreprenørskap Logo
    av jto, 06.11.19

    Ny langsiktig avtale mellom fylkeskommunen og Ungt entreprenørskap Agder

    Les mer
  • Lyngdal Vgs Åpningsarrangement 2019
    av jto, 29.10.19

    Flott opprustet skolebygg åpnet i Lyngdal

    Les mer