Samferdselsdepartementet har vedteke at påbodet om bruk av bilbelte under køyring med motorvogn òg skal gjelde for drosjesjåførar. Vedtaket er gjeldande frå 1. november i år. Denne gruppa av førarar har hatt eit eige unntak frå påbodet om bruk av bilbelte. Den vedteke endringa er i tråd med ønske og initiativ frå Norges Taxiforbund. -Dersom fleire brukar bilbelte, blir det færre dødsulukker og færre skadde i vegtrafikken. Auka bruk av bilbelte er eitt av fleire tiltak for å gjere trafikken enda tryggare, seier Liv Signe Navarsete.

-Eg har bede Vegdirektoratet om å utarbeide og sende på høyring eit forslag om at gebyrsatsen for manglande bruk av bilbelte under køyring med motorvogn skal aukast frå 750 kroner til 1 500 kroner. Ulike styresmakter og organisasjonar skal, saman med alle interesserte einskildpersonar, fåTAXI høve til å seie si meining om forslaget. Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i ei pressemelding i samband med at Samferdselsdepartementet har sendt eit brev til Vegdirektoratet om endring i gebyrsatsar og regelverk for manglande bruk av påbode verneutstyr. I brevet blir det mellom anna vist til at den føreslåtte hevinga i gebyrsatsen for manglande bruk av bilbelte òg bør gjelde ved manglande bruk av hjelm og barnesikringsutstyr.

Tal for 2006 viser at 41 prosent av alle omkomne i bilulukker ikkje hadde brukt bilbelte.

av Torkelsen, Jan H., publisert 1. januar 0001 | Skriv ut siden