I budsjettet for 2009 foreslår regjeringa å bruke to milliardar kroner på å styrkje kvaliteten i skulen innan tre hovudsatsingsområde: tettare oppfølging av den enkelte elev, betre kartlegging og måling av resultat og eit nytt varig system for etter- og vidareutdanning for lærarar og rektorar. Regjeringa foreslår å bruke om lag halvparten - ein milliard kroner - på ei rekkje tiltak for å lyfte lærarstatusen, gjere læraryrket meir attraktivt og heve kvaliteten i grunnopplæringa.

Kompetanseutviklinga omfattar mellom anna ei ny rektorutdanning og eit varig system for vidareutdanning av lærarar. I tillegg skal det givast støtte til ulike etterutdanningstilbod. Rektorutdanninga skal etablerast hausten 2009 og skal vere eit tilbod til alle nytilsette rektorar og ein del rektorar som ikkje har slik utdanning frå før. For å møte behovet for lærarar i skulen vil regjeringa auke studiekapasiteten med 180 studieplassar innanfor praktisk-pedagogisk utdanning.

Forsking viser at tiltak må setjast inn dei første skuleåra for å styrkje dei grunnleggjande dugleikane lesing og rekning. Regjeringa legg opp til å bruke 430 millionar kroner på å gjere det mogleg for fleire lærarar å gi betre opplæringa i norsk/samisk og matematikk på 1.–4. steget frå hausten 2009.

Regjeringa vil vidareutvikle det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet, slik at ein kan få eit endå betre grunnlag for å vurdere tilstanden og gjere endringar. Mellom anna skal det innførast nye kartleggingsprøver i vidaregåande opplæring. Det skal etablerast eit rettleiarkorps for skular og skuleeigarar med svake resultat.

Det er behov for betre skulebygg. Regjeringa foreslår derfor å innføre ei ny rentekompensasjonsordning for skule- og symjeanlegg. Regjeringa tek sikte på at ordninga over ein periode på åtte år skal dekkje rentekostnader på lån innanfor ei totalramme på til saman 15 milliardar kroner. I budsjettet for 2009 ønskjer regjeringa å fase inn 2 milliardar kroner av ramma til dette formålet.

Regjeringa vidarefører satsinga på gratis læremiddel. Frå hausten 2009 skal ordninga gjelde også for vidaregåande steg 1. Det vil seie at det blir gratis læremiddel på alle trinna i den vidaregåande skulen. Regjeringa ønskjer å løyve i overkant av 370 millionar kroner til formålet.

av Torkelsen, Jan H., publisert 9. oktober 2008 | Skriv ut siden

Siste fra Utdanning

  • Eksamensforberedende Kurs  H 19
    av jto, 18.09.19

    Gratis eksamensforberedende kurs i høst

    Les mer
  • Skoledebatter
    av jto, 26.08.19

    Skoledebattene er i gang

    Les mer
  • Skolefrokost I Vennesla
    av jto, 21.08.19

    METTET 400

    Les mer