- Læraren står ikkje aleine i arbeidet sitt, men er ein del av fellesskapet i skulen, leia av rektor. Vi veit at skuleleiing har stor innverknad på læring og læringsmiljø. Derfor får vi frå neste haust ei eiga opplæring for rektorar, dersom Stortinget sluttar seg til forslaget vårt. Dette seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell som i Bergen i går var med på skuleleiarkonferansen til Utdanningsforbundet, skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.

I stortingsmeldinga om kvalitet i skulen, som vart lagd fram i juni, varsla regjeringa ei eiga utdanning for skuleleiarar frå og med hausten 2009. Utdanninga skal vere eit tilbod til nytilsette rektorar, men også rektorar som ikkje allereie har slik utdanning vil få tilbodet.

Les meir om konferansen og sjå talen til statsråden på nettstaden til Utdanningsforbundet

av Torkelsen, Jan H., publisert 1. januar 0001 | Skriv ut siden