Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa vil styrkja eigenkontrollen i kommunar og fylkeskommunar. Ei arbeidsgruppe skal kome med innspel til tiltak. - Eg set i dag ned ei arbeidsgruppe for å få fram forslag til tiltak som kan styrkja kontrollutvala, revisjonane og internkontrollen til administrasjonen, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa i ein pressemelding. Kommunelova krev at kommunane og fylkeskommunane skal ha eit folkevalt kontrollutval og ein revisor. I tillegg skal administrasjonssjefen ha internkontroll med verksemda.

- God kontroll med eiga verksemd er viktig, ikkje berre for å sikra tillit frå innbyggjarane, men òg for å sikra effektiv og riktig bruk av ressursane, seier Kleppa.

Halvparten av arbeidsgruppa er folkevalde. Dei andre er revisorar, administrasjonssjefar, ein forskar og eit medlem frå Kommunal- og regionaldepartementet.

- Eg ser fram til å ta fatt på dette viktige arbeidet, seier leiar av arbeidsgruppa, Bjørn Arild Gram som til vanleg er ordførar i Steinkjer kommune. - Målet vil vere å levere ein rapport som inspirerer folkevalde og tilsette til å utvikle gode kontrollsystem i den enkelte kommune.

Arbeidet skal ferdigstillast før utgangen av 2009.

Brev med deltakarane i arbeidsgruppa og mandatet deira.

av Torkelsen, Jan H., publisert 2. desember 2008 | Skriv ut siden