Regjeringen har i dag lagt frem en tiltakspakke for å møte utfordringene i forbindelse med finanskrisen. Det er i den forbindelse bevilget ca 35 millioner til ekstraordinære tiltak for å tilrettelegge for friluftsliv. Midlene vil gå til tiltak som anlegging av turstier/turveier, bygging av sanitæranlegg, parkeringsplasser og skjøtsel av friluftsområder. Til sammen vil tiltakene bedre folks tilgang til friluftsområder, samtidig som det gir sysselsettingseffekt.


Pressemelding fra Regjeringen
, publisert 26.01.2009

Auka innsats i frilufts- og naturvernområde
Regjeringa skal bruke pengar frå tiltakspakka til auka innsats i frilufts- og naturvernområde. Det er eit stort behov for tilretteleggjing og skjøtsel av friluftsområde. Det skal setjast i verk opparbeidingstiltak som styrker lagleg tilkomst til badeplassar og turområde.

- Vi er opptekne av at naturen skal brukast, også når den er verna. Med pengane frå regjeringa si tiltakspakke gjev vi fleire tilgang til å ta naturen i bruk. Det at vi ferdast i naturen gjer også at vi blir meir opptekne av å ta vare på den, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim. 

Aktuelle tiltak er parkering, stigar og turvegar, toalettanlegg og bryggjer. Det er også eit stort behov for å betre tilkomsten for funksjonshemma. Dette er tiltak som vil gje sysselsetjing i anleggssektoren.

I skjærgårdsparkane er behovet størst i strandområda frå Østfold til Hordaland. Også i viktige friluftsområde på kysten lenger nord og ved store innsjøar og vassdrag som Mjøsa og Glomma er det behov for opparbeidingstiltak.

Friluftsrådenes Landsforbund får to millionar kroner slik at innsatsen kommunane imellom kan styrkast. Friluftsrådenes Landsforbund har som hovudoppgåve å styrke det allmenne friluftslivet blant anna gjennom 20 interkommunale friluftsråd. Dei dekker rundt to tredjedeler av innbyggjarane i Noreg. Dei interkommunale friluftsråda har forvaltningsansvar for rundt 600 offentleg eigde friluftsområde.

- Dei siste åra har vi brukt mykje pengar på å sikre område som er viktige for friluftslivet. No set vi inn ekstra innsats slik at enda fleire kan bruke desse områda, seier Solheim.

I mange verneområde er det generelt stort behov for skjøtseltiltak for å ta vare på dei naturfaglege- og biologiske verneverdiane. Det kan også vere aktuelt med restaurering av natur der det har skjedd uheldige naturinngrep.

Det vil også bli gitt pengar til tilkomst til nasjonalparkar og andre verneområde. Tiltak som legg til rette for bruk av områda er også aktuelt, slik som å merke stigar, lage gangbruer og klopper, fugletårn og informasjonstavler med naturinformasjon.

Til dømes skal det i tilknyting til villreinsentra på Hjerkinn og Skinnarbu gjennomførast restaurering og ombyggjing av hytte og steinbu for undervisning.

av Hemsett, Siv - Folkestad, Torill, publisert 30. januar 2009 | Skriv ut siden

Det gjøres oppmerskom på at fylkestinget som holdes i Farsund, Fjordhotell kun er på onsdag 27.april. Møte begynner kl. 8.30 og fortsetter til dagens saker er ferdig behandlet. Sakspapirer ligger som vanlig på www.vaf.no under politiske saker, det opplyser politisk sekretariat i Vest-Agder fylkeskommune.