Kommunal- og regionaldepartementet har auka løyvinga til Ungt Entreprenørskap frå seks millionar kroner i 2008 til 8 millionar kroner i 2009. - Arbeidet til Ungt Entreprenørskap er særs viktig for å styrke entreprenørskapskulturen over heile landet, seier statsråd Magnhild Meltveit Kleppa i ei pressemelding. Organisasjonen Ungt Entreprenørskap arbeider for å gje elevar og studentar kompetanse og erfaring i å etablera eigne bedrifter. Satsing på ungdom og entreprenørskap er sentralt for å nå måla i distrikts- og regionalpolitikken om busetting og verdiskaping i heile landet.

av Torkelsen, Jan H., publisert 20. januar 2009 | Skriv ut siden