Kommunal- og regionaldepartementet arrangerte i 2008 fem regionale fagseminar om samhandling mellom departementa og fylkeskommunane i høve til forvaltningsreforma 2010. Måla med seminara var å utveksla erfaringar og synspunkt. Desse skal brukast vidare i å utvikla samhandlinga mellom fylkeskommunane og departementa for å gi meirverdi regionalt og nasjonalt. Professor Jørgen Amdam var prosessleiar og har oppsummert diskusjonane.

Framlegg frå prosessleiar
Deltakarar på seminara var administrativ leiing frå fylkeskommunar og departement. Den einskilde institusjon vurderer sjølv eventuell oppfølging av oppsummeringa. Blant dei mange forslaga til Amdam er:

- Opplæring av politikarar og tilsette i utviklingsarbeid
- Direkte kommunikasjon mellom politikarar i fylkeskommunane og nasjonale politikarar
- Utvikla betre regionale modeller for offentleg-privat samarbeid
- Kommunal- og regionaldepartementet bør ta initiativ til gode, breie og nyttige møteplasser og system for planlegging og læring.

· Last ned forslaga

· Last ned oppsummeringa frå gruppearbeida

av admin, publisert 30. januar 2009 | Skriv ut siden