Vallokaler med lengre opningstider, høve til fleire to-dagars-val og høve til å røysta ekstra tidleg, er blant tiltaka regjeringa no føreslår. – Eg vonar betre tilgjenge gjer at fleire brukar røysteretten sin, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa i ei pressemelding. Ho la fredag fram forslag til endringar i vallova og kommunelova som vil gjelda allereie ved stortingsvalet 14. september i år om Stortinget sluttar seg til forslaga. Forutan endringane i vallova, vert det i kommunelova føreslått å lovfesta prinsippet om at kommunane kan halda lokale rådgjevande folkerøystingar.

av Torkelsen, Jan H., publisert 30. januar 2009 | Skriv ut siden