Regjeringa gir 83 millionar kroner til fylkeskommunane for å nå målet om full breibandsdekning i Noreg. Vest-Agder fylkeskommune får 1,8 millioner kroner av den samlede potten. Samtidig startar regjeringa arbeidet med å vurdera kor breitt breiband norske husstandar skal ha tilbod om i framtida. Regjeringa vil leggja fram dei nye måla i løpet av sommaren. - Regjeringa sitt mål er at folk skal kunne busetja seg der dei sjølve ønskjer. Skal vi nå dette målet, må folk ha lik tilgang til breiband, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

- I fylke der full breibanddekning er nådd eller vert nådd på annan måte, kan midlane og i 2009 nyttast til annan infrastruktur, til dømes mobildekning eller næringstiltak etter avtale med Kommunal- og regionaldepartementet, seier statsråd Kleppa.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil no setja ned ei arbeidsgruppe saman med Kommunal- og regionaldepartementet og andre aktuelle departement. Arbeidsgruppa skal foreslå nye mål for tilbod om breiband og vurdera korleis desse måla kan realiserast. Eksterne aktørar skal også trekkjast inn i arbeidet. Dei nye måla blir lagt frem i løpet av sommaren

av Torkelsen, Jan H., publisert 27. mars 2009 | Skriv ut siden