Om lag 3 528 000 personar har røysterett ved årets stortingsval. Av desse er 628 000 over 67 år, 245 600 er fyrstegongsveljarar og 164 100 er norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn. I det kommande valet er det i alt 245 600 veljarar som for fyrste gongen kan røysta i eit stortingsval. Av desse er 125 500 i den yngste aldersgruppa, 18-19 år. Det tilsvarar ein auke på 32 400 røysteføre frå stortingsvalet i 2005 for aldersgruppa 18-21 år. Delen av unge røysteføre av den totale mengda røysteføre er høgast i Rogaland, Vest-Agder samt Sogn og Fjordane med 8 prosent. Lågast del av unge har Oslo, med 5 prosent.

Den totale mengda røysteføre personar har auka med 3 prosentpoeng samanlikna med stortingsvalet i 2005. Auken er størst i Oslo, med 22 500 fleire røysteføre, medan nedgangen er størst i Sogn og Fjordane, med 600 færre personar med røysterett. Tallene finn ein i ein ny statistikk frå Statistisk Sentralbyrå.

av Torkelsen, Jan H., publisert 2. april 2009 | Skriv ut siden

Siste fra Politikk

  • Fakta Om Det Nye Fylkestinget
    av jto, 16.09.19

    Fakta om det nye fylkestinget i Agder fylkeskommune

    Les mer
  • Valglogo
    av jto, 12.09.19

    Representantene i det nye fylkestinget

    Les mer
  • Valgurne Illustrasjon
    av jto, 11.09.19

    Valgresultat for fylkestingsvalget

    Les mer