-Fylkeskommunane vil frå 2010 bli den nye store vegeigaren i Noreg. Regjeringa legg no fram eit økonomisk opplegg som set fylka i stand til å løyse denne oppgåva. Fylkeskommunane vil få meir midlar til dette enn det staten brukar på same vegnettet i 2009, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete. Fylkeskommunane vil få ansvar for eit vegnett på om lag 44 000 kilometer, medan det statlege vegnettet vil vere på om lag 10 000 kilometer. Det blir elles lagt opp til at fylkeskommunane frå same dato skal overta ansvaret for i alt 78 riksvegferjesamband.

For å løyse denne oppgåva vil fylkeskommunane bli tilført midlar tilsvarande det staten brukte på dette vegnettet i 2009. I tillegg er det lagt inn ein auke i dei frie midlane til fylkeskommunane på 1,5 milliardar kroner. I dette beløpet inngår ein milliard kroner som regjeringa føreslår for å styrkje rammene til fylkesvegane utover dagens nivå. Fylkeskommunane vil òg kunne bruke av veksten utover dette til å satse på samferdsel.

Logo for Nasjonal TransportplanDet er i Nasjonal transportplan (NTP) varsla at fylkeskommunane vil få tilgang til ei rentekompensasjonsordning med ramme på to milliardar kroner årleg. Det er òg i NTP varsla at det årleg skal brukast 500 millionar kroner på rassikring på det fylkeskommunale vegnettet. Dette kjem i tillegg til dei overførte midlane og veksten i dei frie inntektene.

I NTP er det føresett at fylkeskommunane skal finansiere prosjektet ”Nasjonale turistvegar”. Etter ei heilskapleg vurdering er ein kome til at Statens vegvesen skal finansiere denne satsinga. Det utgjer om lag 100 millionar kroner årleg. Desse midlane er ikkje trekte ut frå ramma til fylkeskommunane og er såleis ei ytterlegare styrking i høve til det som var varsla i NTP.

Midlane er fylkesfordelte etter desse kriteria:
• veglengde
• vegstandard
• befolkning
• bindingar.

I tillegg har ein fordelt om lag 200 millionar kroner etter skjønn for å rette opp uønskte utslag i fylkesfordelinga. Fylkeskommunane får i tillegg samla 117 millionar kroner til fleire stillingar som følgje av dei overførde oppgåvene frå ulike departement. Ein vesentleg del av dette kan nyttast til dømes til å styrke bestillarkompetansen i fylka og til overordna planlegging innan veg og kollektivtrafikk.
Tabell over fylkesfordeling.

av Torkelsen, Jan H., publisert 15. mai 2009 | Skriv ut siden

Siste fra Samferdsel

  • Spleiselaget! Fra høyre: Stian Wesøy (BaneNOR) Ordfører i Audnedal kommune, Reidun Bakken, fungerende fylkesordfører, Tore Askildsen, og Samferdselssjef i Vest Agder, Vidar Ose.
    av elma11, 06.08.19

    En flott markering ble gjort da Audnedal stasjon sto ferdig etter utbedring

    Les mer
  • Stortingsbygget - Utsnitt
    av jto, 24.06.19

    90 belønningsmillioner til kristiansandsregionen

    Les mer
  • E39 Skilt
    av jto, 20.06.19

    Støtter bompengeopplegg for ny E39 mellom Lyngdal og Ålgård

    Les mer