Elevundersøkinga 2009 viser at det er litt færre elevar som seier at dei blir mobba på skulen. Talet på dei som seier at dei blir diskriminerte på grunn av nasjonalitet, er også lågare. Den årlege ”Elevundersøkelsen” er ei av dei største spørjeundersøkingane i landet. Rundt 300 000 elevar har svart på spørsmål om mobbing, diskriminering og uro i klasserommet. Formålet med Elevundersøkinga er at alle elevar skal få høve til å seie meininga si om læring og trivsel på skulen. Undersøkinga er obligatorisk på 7. trinn, 10. trinn og på 1. trinn i vidaregåande skule.

av admin, publisert 20. mai 2009 | Skriv ut siden