7,4 milliardar kroner følgjer med dei nye oppgåvene fylkeskommunane får i samband med forvaltningsreforma. -Vi får no på plass eit godt økonomisk opplegg for reforma. Særleg er det viktig at fylkeskommunane får ei auke i dei varige, frie inntektene når dei frå 2010 vert ansvarlege for riksvegane utanom stamvegane, seier kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa i ei pressemelding.  Andre viktige verkemiddel for ei meir samordna regional utvikling er regionale forskingsfond, drifts- og finansieringsansvar for fagskolar og at fylkeskommunane vert ein stor deleigar i Innovasjon Noreg.

- Eg har store forventningar til fylkeskommunane. Dei styrkar no rolla si som utviklingsaktør i eige fylke, seier Kleppa.
Med dei nye oppgåvene følgjer pengar, både pengar som staten brukar til oppgåvene i 2009 og friske midlar. Samla vil rammetilskotet til fylkeskommunane i 2010 verta auka med i overkant av 7,4 milliardar kroner i samband med reforma. Av desse er vel 6,3 milliardar kroner pengar som staten bruker til oppgåvene i 2009, medan 1,1 milliardar kroner er ei styrking av dei aktuelle områda samanlikna med situasjonen i 2009. Styrkinga er fordelt med 1 milliard kroner i vekst i dei frie inntektene grunngjeve med eit auka vegansvar og 100 millionar kroner til årsverk. 
Forvaltningsreforma trer i kraft 1. januar 2010.

av admin, publisert 15. mai 2009 | Skriv ut siden