Fredag 5. juni lanserte statsråd Heidi Grande Røys dei elektroniske tenestene Regional stat og Ditt nærområde på www.noreg.no. Dei gjer det enklare å finne fram til offentlege kontor i nærleiken av der ein bur. – Mange har vanskar med å finne fram i mengda av offentlege kontor, og dei treng hjelp til å finne det kontoret dei skal vende seg til. No kan dei ved å trykke på eit kart eller taste inn postnummeret sitt, finne både adresse, telefonnummer og gatekartbilde, seier Hans Christian Holte, direktør i Difi. Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) har utarbeidd desse tenestene på oppdrag frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet.

Tenesta Ditt nærområde gjev oversikt over alle offentlege kontor i nærleiken, ved at ein tastar inn postnummeret sitt. Oversikta vert vist både som kart og som ei liste. Ein får oversikt over alt frå kommunale servicekontor til trafikkstasjonar og NAV-kontor. Sjå: www.noreg.no/naeromraade
I Regional stat finn ein oversikt over korleis den regionale statsforvaltninga er bygd opp og kor kontora finst, til dømes Arbeids- og velferdsetaten, Samferdsleetaten eller Forbrukarrådet. Den regionale statsforvaltninga har mange ulike regionale inndelingar, og det er ikkje alltid lett å finne fram. Regional stat-tenesta nyttar kart for å vise organiseringa og gje ei samla oversikt som gjer det enklare å få kontakt med den etaten ein treng. Sjå: www.noreg.no/etatstruktur
Tenestene Ditt nærområde og Regional stat supplerer allereie eksisterande innbyggjar- og forvaltningsretta tenester på www.noreg.no, og nyttar informasjonen som alt ligg i etatsdatabasen til å gje nye og gode tenester. Karttenestene er bygd opp rundt data som er delt gjennom Norge digitalt, eit breitt samarbeid mellom verksemder som framskaffar og nyttar digital geografisk informasjon.

av Torkelsen, Jan H., publisert 10. juni 2009 | Skriv ut siden