- Alle som passerer med brikke i ein bomstasjon med AutoPASS vil etter kvart kunne få ti prosent rabatt, same kva for eit bompengeselskap ein har avtale med. Både bilistane og bompengeselskapa vil vere tente med ei slik ordning, som mellom anna kan leggje til rette for at fleire bruker brikke. Auka bruk av AutoPASS-brikke vil vere med på å redusere kostnader for drift og administrasjon av bompengeordningar. Lågare kostnader vil igjen gje meir pengar til bygging av veg, seier statssekretær Geir Pollestad i Samferdselsdepartementet.

I eit brev til Vegdirektoratet, gjev Samferdselsdepartementet sin tilslutnad til eit forslag frå direktoratet om at ein slik rabatt på ti prosent skal takast inn i takstretningslinene for bompengeordningar.

Geir Pollestad
Geir Pollestad
- Alle bompengeanlegg som er under planlegging kjem til å innføre denne rabatten. Eg vil elles oppmode om at rabatten blir innført for eksisterande bompengeprosjekt, i tråd med dei nye takstretningslinene. Ein slik rabatt blir alt gjeven i bomringen i Oslo og Bærum og på Svinesundsambandet. Rabatten blir også innført på E18 i Vestfold og på E6 nord for Gardermoen, seier Pollestad.

Ved utgangen av 2009 vil det vere 50 bompengeprosjekt i drift i Noreg. 34 av desse vil ha AutoPASS.

av Torkelsen, Jan H., publisert 4. juni 2009 | Skriv ut siden