- Midlar frå Samferdselsdepartementet skal støtta opp under forsøk med nye og meir effektive kollektivtilbod i distrikta, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i ei pressemelding. Samferdselsdepartementet inviterer no fylkeskommunane og Oslo kommune til å søkja om statleg tilskott til forsøk for å styrkja kollektivtransporten i område der passasjergrunnlaget er så lågt at det ikkje kan dekkjast gjennom det vanlege rutetilbodet åleine.

I framlegget til statsbudsjett for 2010 har regjeringa sett av 21,5 millionar kroner til slike forsøk. Tilskotsmidlane kan mellom anna nyttast til utgreiing og utprøving av ordningar med bestillingstransport og til ulike forsøk som omfattar informasjon, marknadsføring og endringar i takstnivået.

Målet med forsøksordninga er å visa korleis kollektivtilbodet kan styrkjast gjennom meir effektiv samordning av ressursar og verkemiddel. Utveksling av erfaringar og informasjon mellom fylkeskommunane er ein viktig del av ordninga, som vart oppretta hausten 2007. For å få statlege tilskotsmidlar til ordninga er det eit krav om minst 50 prosent lokal eigendel.

Frist for å søkja om midlar og for å rapportera om løypande prosjekt er måndag 1. februar 2010. Tilskotsordninga skal evaluerast i løpet av første halvår 2010. Den vidare innretninga av ordninga vil vera avhengig av utfallet av denne evalueringa.

Sjå også nettsidene for ordninga - http://kid.toi.no/

av Torkelsen, Jan H., publisert 19. november 2009 | Skriv ut siden