Då representantar for 15 fylkeskommunar møtte opp på Værnes 27. oktober i år for å diskutere og utvikle satsinga Lokal samfunnsutvikling i kommunane, var det meste av innhaldet i satsinga enno ope. Dersom fylkeskommunane blir med i satsinga, skal dei saman med kommunane utforme innretninga på innsatsen i kvart fylke.

Eksempel som gir retning
Tove Krattebøl frå Hedmark og Frank Madsøy frå Møre og Romsdal presenterte korleis desse

Tove Krattebøl
Tove Krattebøl
fylka tek ei aktiv rolle for å styrke kompetansen og kapasiteten i kommunane til å drive utviklingsarbeid. Hedmark har ei omreisande ressursgruppe for stadutvikling, medan Møre og Romsdal har bygd opp kontor for nyetablerarar i dei fleste kommunane i fylket.

- Vi brukar vere-slem-rolla, inspiratorrolla, koordinator- og utanfor- rolla. Vi er rådgivarar, rettleiarar, lufteventilar, støttespelarar som er til stades, og av og til er vi konsulentar. Vi går inn og overtek. Men det vil vi helst unngå, oppsummerte Tove Krattebøl.
Innspel i grupper
Fylkeskommunane diskuterte forståinga av lokal samfunnsutvikling i grupper. Dei snakka om korleis roller og arbeidsformer kan utformast i fylkeskommunane, for best mogleg å møte kommunane sine behov for råd, støtte og koordinering for samfunnsutviklingsarbeid. At fylkeskommunane ikkje må framstå som overkommunar og at det trengst ei tydeleggjering av konkrete resultatmål som må bli ulike frå fylke til fylke, var blant innspela.

Forslag til korleis departementet kan vere med
Fylkeskommunane gav også departementet innspel til korleis departementet best mogleg kan bidra i satsinga, kva kunnskapsgrunnlag som trengst, og korleis departementet sine midlar til satsinga best kan fordelast.

Følg med på www.regionalpolitikk.no/luk

av Torkelsen, Jan H., publisert 1. januar 0001 | Skriv ut siden

Siste fra Plan og miljø

  • Havkraft
    av jto, 05.11.19

    Positiv høringsuttalelse om åpning for fornybar energi til havs

    Les mer
  • Vennesla Attraksjonsutvikling Illustrasjon
    av jto, 10.10.19

    Støtte til attraksjonsutviklings-prosjekt i Vennesla

    Les mer
  • Norges Lover Stilistisk Forsidebilde
    av jto, 27.09.19

    Positiv høringsuttalelse til at antall rovviltnemder blir justert

    Les mer