Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett endringar i akvakulturregelverket. Tildelingsrelaterte oppgåver blir overførte frå Fiskeridirektoratet sine regionkontor til fylkeskommunane. Endringane følgjer opp Stortinget sitt vedtak om gjennomføring av forvaltningsreforma og trer i kraft 1. januar 2010. Fylkeskommunane skal no behandle søknader om akvakulturløyve i første instans. Fiskeridirektoratet sentralt skal vere klageinstans for vedtak gjorde av fylkeskommunane og førsteinstansbehandle søknader om spesialløyve , skriver Fiskeri- og kystdepartementet i ei pressemelding.

Forvaltningsreforma inneber ingen materielle forskriftsendringar. Akvakulturregelverket ligg fast, og den faglege skjønnsutøvinga er verken innskrenka eller utvida som følgje av forvaltningsreforma. Saksbehandlinga skal framleis liggje innanfor dei rammene som Fiskeri- og kystdepartementet fastset.

Vedlagt følger også konsolidert versjon av forskriftsendringer gjort i akvakulturregelverket 18. desember (pdf-format).

av Torkelsen, Jan H., publisert 1. januar 0001 | Skriv ut siden