Regjeringa har bestemt at veljarane i Mandal, Bodø, Bremanger, Drammen, Hammerfest, Radøy, Re, Tynset, Vefsn, Ålesund og ein bydel i Oslo kommune får delta i forsøk med elektronisk røystegjeving ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2011. - Veljarane i forsøkskommunane vil få høve til å røyste heimanfrå via Internett ved neste lokalval, men dei vil òg ha høve til å møte opp i vallokalet og røyste med vanleg papirrøystesetel. Dei kan altså sjølve bestemme om dei vil røyste elektronisk eller på vanleg måte. Eg håpar at flest mogleg vil røyste elektronisk, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Om lag 200 000 veljarar har røysterett i forsøkskommunane. Ved val av forsøkskommunar har vurderinga vore basert på ønskje om variasjon og representativitet. Motivasjon, kompetanse, storleik, befolkningssamansetjing, geografi, kommunikasjon og infrastruktur har vore viktige faktorar i vurderinga.

Dei 11 forsøkskommunane skal teste eit nytt sentralt valadministrativt datasystem som òg har ei løysing for å røyste elektronisk. Kommunane skal òg bidra til å utvikle denne løysinga i samarbeid med departementet. Ein fylkeskommune vil òg verte valt ut til å teste det valadministrative datasystemet.

Det valadministrative datasystemet skal bidra til å effektivisere valarbeidet i kommunane og medverke til betre informasjon til veljarane. Datasystemet er planlagt innført i alle kommunane etter forsøket i 2011, og vil verte vidareutvikla basert på erfaringane frå forsøket.

Forsøket med å røyste over Internett skal evaluerast av eksterne forskingsmiljø. Erfaringane frå forsøket skal gje Stortinget eit godt grunnlag for å vurdere om det skal leggjast til rette for at veljarane i heile landet skal få høve til å røyste elektronisk og eventuelt tidsperspektivet for dette.

For meir informasjon: www.evalg.dep.no

.

av Torkelsen, Jan H., publisert 22. januar 2010 | Skriv ut siden

Siste fra Politikk

  • HU Utdanning Og Kompetanse 2019
    av jto, 12.11.19

    Forberedelsen til fire år med politisk virksomhet i gang

    Les mer
  • Bli Med På UFT
    av jto, 08.11.19

    Er du mellom 15-19 år? Bli med Ungdommens fylkesting

    Les mer
  • FT-web -22.10.19
    av jto, 16.10.19

    Følg fylkestingets møte 22. oktober direkte på web-TV

    Les mer