17 fylkeskommunar, der i blant Vest-Agder,  møttest i Hurdal 16. februar for å diskutera utforminga av satsinga Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK).Kommunal- og redionaldepartementet har invitert fylkeskommunane til, i samarbeid med kommunane, å definera innhaldet i satsinga Lokal samfunnsutvikling i kommunane. Fylkeskommunane skal også gjennomføra satsinga. Den førebuande fasen i arbeidet er no kome i gang. Tema for samlinga 16. februar var status og framdrift i kvart fylke for LUK-arbeidet.

Hovudmålet for LUK er å gjera kommunane endå betre til å planlegga, mobilisera, samarbeida og å gjennomføra utviklingsarbeid, for på det viset å utvikla lokalsamfunn. Departementet har lagt opp til at fylkeskommunane saman med kommunane skal utforma satsinga på eigne premissar.

Gjennomgangen av status for arbeidet viste at fylkeskommunane arbeider på svært ulike måtar. Eksempel på arbeid med LUK som fylkeskommunane presenterte var:
-Vidareføra det som er gjort frå før i høve til prosessleiing i stadutvikling. Gå frå plan til handling.
-Utvida og vidareutvikla regional ressursgruppe for stadutvikling
-Bygga på arbeidsformer frå tidlegare utviklingsprogram for kommunane
-Laga arbeidsseminar med kommunane
-Gjennomføra framtidsprosessar (foresight) med kommunane

av Torkelsen, Jan H., publisert 22. februar 2010 | Skriv ut siden