Etter å ha hausta strålande omtale for cd-utgjevinga ”Spelferd heim” reiser no Rannveig Djønne på spelferd med toradaren og sin eigen kvartett. Nordberg fort er ein av stoppestadane fredag 9. april. Konserten begynner klokka 19.00. Billetter til 150 kroner fås kjøpt ved inngangen. Dette vert ein spanande konsert der toradaren er i samspel med trøorgel, fele og den sterke vokalen til Tuva Syvertsen, kjend frå Valkyrien Allstars.

Cd-utgjevinga ”Spelferd heim – slåttar frå Hardanger og Voss på durspel” er Rannveig Djønne frå Hardanger sin debutcd. Den har fått glimrande anmeldingar. ”Aftenposten” gav den terningkast 5 med overskrifta ”Melodiøst og vakkert”. Same avis plasserte utgjevinga på lista over dei ti beste folkemusikkutgjevingane i 2009. Den vart og nominert til folkemusikkens eigen platepris ”Folkelarmprisen”.

Rannveig Djønne fekk verkeleg sitt gjennombrot som nyskapande toradarspelar og komponist på ”Spelferd heim”. Ho er ein av dei særs få i landet som lever av å spela toradar på heiltid. Ho har vitja Lista fleire gonger tidlegare. Denne gongen har ho med seg sitt eit utvalde stjernelag. Anders Hall er kjend frå gruppa ”Sver”. Han medverka m.a. og i ”Taus” – prosjektet til Sigrid Moldestad som vann spelemannspris i 2009. Inger Elisabeth Aarvik er ein nyskapande organist som nyttar mykje folkemusikk i kyrkjene i Ullensvang. Tuva Syvertsen er kjend frå gruppa Valkyrien allstars, og m.a. som dirigent i ”Det store korslaget” på TV2. Alle desse tre er med på cd-utgjevinga til Djønne.

”Djønno Folk” skal og spele under Førde Internasjonale Folkemusikkfestival i sommar. Djønne som solist er hyrt inn m.a. på Den Norske Folkemusikkveka på Ål. Men fyrst går turen til Nordberg fort som ein del av ein sju dagars turne.
Djønno folk plakat

av Torkelsen, Jan H., publisert 26. mars 2010 | Skriv ut siden