E-val 2011-prosjektet har teke i bruk sosiale medium for å informere om forsøket med e-val i elleve kommunar i 2011 og til å bidra i debatten om e-val. Mandal er ein av kommunane. Kommunaldepartementet har oppretta ein blogg – www.e-valgbloggen.no - der aktuelle innlegg vert lagde ut i tida fram mot forsøket. Departementet minner dessutan om e-val 2011-prosjektet si nettside www.evalg.dep.no. Her kan ein abonnere på e-postvarsel når nyhende om prosjektet vert publiserte.

Departementet håpar at mange vil følgje med på bloggen og at dei får synspunkt, tips og råd frå lesarane. Hittil har departementet omtalt følgjande tema:
-Avgjerande demokratiske prinsipp ved e-val
-Kvifor røystegjeving via Internett
-Kontroll med oppteljing av e-røyster

I tillegg til bloggen, har departementet etablert ein konto på Twitter med namnet ”krd_evalg2011”, og ei side på Facebook med namnet ”E-val 2011-prosjektet”.

av Torkelsen, Jan H., publisert 16. mars 2010 | Skriv ut siden

Siste fra Politikk

  • Valglogo
    av jto, 12.09.19

    Representantene i det nye fylkestinget

    Les mer
  • Valgurne Illustrasjon
    av jto, 11.09.19

    Valgresultat for fylkestingsvalget

    Les mer
  • Skoledebatter
    av jto, 26.08.19

    Skoledebattene er i gang

    Les mer