Regjeringa har lagt vekt på å føre attende midlane til desse områda på best muleg måte. -Eg erLiv Signe Navarseter Foto: SP kjend med at det sidan ordninga vart innført i 2004 har vore eit tett samarbeid mellom fylkeskommunane og næringslivet, noko som er særleg viktig i dette arbeidet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete til nationen.no. -Desse midlane skal bidra til utvikling av næringslivet og gje arbeidsplassar i desse fylka.

Kommunal- og regionalministeren viser og til ei evaluering av NIBR i 2009 som såg på effektane av korleis fylkeskommunane nyttar dei regionale midlane som staten overfører kvart år. - Denne evalueringa syner at fylkeskommunane gjer eit viktig arbeid innan distrikts- og regionalpolitikken. Dei fylgjer lojalt opp måla til regjeringa og utnyttar regional kunnskap til beste for fylka sine, seier Navarsete.

av Torkelsen, Jan H., publisert 24. mars 2010 | Skriv ut siden