-På oppdrag frå Samferdselsdepartementet skal Vegdirektoratet no gjennomføra utgreiingar om val av hovudløysingar for ti nye utbyggingsprosjekt på riksvegnettet. Desse prosjekta er dermed eit viktig steg nærmare gjennomføring, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa. . Konseptvalutgreiingane vil bli kvalitetssikra av eksterne konsulentar. Dei fleste konseptvalutgreiingane skal vera ferdig i løpet av 2010.

Utgreiingane, som blir kalla ”Konseptvalutgreiing, KVU, skal gjennomførast for desse prosjekta:

• Rute 2b Rv 35 Hokksund – Åmot – Jevnaker
• Rute 3 E39 Søgne – Ålgård
• Rute 4a E39 Aksdal – Bergen (inkl. Hordfast)
• Rute 5a E134 Kongsberg – Gvammen
• Rute 5c E16 Bjørgo – Øye
• Rute 6c Rv 15 Strynefjellet
• Rute 7 E6 Trondheim – Steinkjer
• Rute 8a E6 Hammarøy – Ballangen
• Rute 8a E10 Evenes – Sortland
• Bypakke Tønsberg

For fleire opplysninga – sjå:

Brev frå Samferdelsdepartementet til Vegdirektoratet av 19. mars 2010 (pdf)

av admin, publisert 22. mars 2010 | Skriv ut siden