Offentleg innsats for å hindre at unge fell utanfor arbeidslivet gjev store samfunnsmessige gevinstar. Tiltak som reduserer talet på unge som blir uføre har særleg stor effekt, viser ein ny rapport. Det er Vista Analyse AS som har gjort utgreiingsarbeidet på oppdrag frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet. Rapporten understrekar også verdien av eit tett samarbeid mellom kommune, fylkeskommune og stat. Samarbeid om ressursinnsats er ofte naudsynt for å kunne sette inn dei beste og mest effektive tiltaka, både for dei unge og for samfunnet.

- Rapporten anslår at tidlege tiltak som fører til at 100 unge som risikerer å hamne på uføretrygd i staden kjem i arbeid, vil gje ein gevinst på 40 millionar kroner per år, seier barne-, likestillings- og

Audun Lysbakken
Audun Lysbakke
n
inkluderingsminister Audun Lysbakken.
Rapporten syner òg kor viktig det er å sette inn verkemiddel tidleg for å hindre at unge fell utanfor arbeidslivet. - Styrka innsats overfor utsett ungdom er ei god investering i framtida. Derfor er regjeringa allereie godt i gang med Samarbeid for arbeid som er regjeringa si satsing på å få enda fleire ut i arbeid , seier Lysbakken.

Eitt av fleire viktige formål med utgreiinga er å gje kommunar og andre offentlege aktørar betre grunnlag for å vurdere lønnsemda av førebyggjande innsats og tiltak retta mot utsett ungdom. Rapporten viser at tiltak som motverkar marginalisering av ungdom gjev store gevinstar for samfunnet.

av admin, publisert 1. januar 0001 | Skriv ut siden