Kunnskapsdepartementet har no fordelt til saman 212,4 millionar kroner til regionale forskingsfond i 2010, og lokalisering av fonda er avklart. Region Agder, lokalisert i Aust-Agder er tildelt 13,2 millionar kroner– Desse midlane markerer startskotet for mykje nyskapande forsking og innovasjon over heile Noreg, seier forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland. Dei første utlysingane kjem truleg før sommaren. - Målet mitt er større variasjon i forskinga, seier forskingsministeren.

Formålet med dei regionale forskingsfonda er å styrkje regional forsking og innovasjon. Fonda skal bidra til langsiktig, grunnleggjande kompetansebygging i relevante forskingsmiljø og såleis medverke til auka kvalitet i forskinga. Fonda skal møte forskings- og utviklingsbehov (FoU) i fylka ved å støtte FoU-prosjekt initiert av offentlege og private verksemder og forskingsmiljø. – Dei regionale fonda skal supplere dei nasjonale FoU-verkemidla og styrkje samspelet mellom næringsliv, høgskular, universitet og regionane, seier statsråd Aasland.

Midlane fordelte til dei sju fondregionane for 2010:
Region Nord-Norge, lokalisert i Troms (Finnmark, Troms og Nordland) : 30, 9 millionar kroner
Region Midt-Norge, lokalisert i Sør-Trøndelag (Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal): 24,1 millionar kroner
Region Innlandet, lokalisert i Hedmark (Hedmark og Oppland): 14, 9 millionar kroner
Region Oslo og Akershus, lokalisert i Akershus (Hovudstadsregionen): 27,3 millionar kroner
Region Oslofjorden/Oslofjordfondet, lokalisert i Vestfold (Østfold, Vestfold, Buskerud og Telemark): 32,7 millionar kroner
Region Agder, lokalisert i Aust-Agder (Aust-Agder og Vest-Agder) : 13,2 millionar kroner
Region Vestlandet, lokalisert i Hordaland (Rogaland, Hordland og Sogn og Fjordane): 29,7 millionar kroner.

I 2010 skal 27 millionar kroner av den samla løyvinga på 212,4 millionar kroner mellom anna nyttast til samarbeidsprosjekt og til eventuell utlysning av regionale problemstillingar i nasjonale forskingsprosjekt. Desse midlane vert fordelte gjennom Forskingsrådet.
Vertsfylkeskommunane skal kvart år rapportere til departementet om korleis midlane er nytta.

Fylkeskommunane har sjølv valt kva region dei vil høyre til, og det dei har valt regionale fondsstyre. Styring og administrasjon av dei regionale forskingsfonda skal skje på grunnlag av ein modell av vertskommunesamarbeid.

Dei regionale forskingsfonda vart oppretta 1. januar 2009 med en fondskapital på 6 milliardar kroner. Kunnskapsdepartementet har fastsett retningslinjer for fonda. Retningslinjene gir styringslinjer og omtaler oppgåvene og ansvarsområda til dei ulike aktørane.

av Torkelsen, Jan H., publisert 1. januar 0001 | Skriv ut siden