- Drift og vedlikehald av vegane er viktig både når det gjeld framkome og tryggleik. Det seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa, som i går fekk overlevert ein rapport som evaluerer konkurranseutsetjinga av drift- og vedlikehald i Statens vegvesen. Det er selskapet Dovre Group som har laga rapporten på oppdrag frå Samferdselsdepartementet. - Dette er eit område eg tek alvorleg. Det er viktig for meg å sikre ei organisering som gjer at vi får mest mogleg igjen for pengane, og vi arbeider no aktivt med å gjera systema betre, seier statsråden.

av Torkelsen, Jan H., publisert 7. april 2010 | Skriv ut siden