- Openheit er avgjerande for at kommunesektoren skal ha tillit hjå innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. - No styrkjer vi reglane om møteoffentlegheit. Me ynskjer ein kommunal sektor bygd på tillit, fellesskap og deltaking. Dei nye reglane skal i enda betre grad leggje til rette for dette, seier statsråden om stortingsproposisjonen som no er lagt fram. Regjeringa føreslår mellom anna at det ikkje lenger skal vere muleg å lukke møte når formannsskapet eller fylkeutval handsamar og gjer innstilling til årsbudsjettet.

- Slik eg ser det, bør ålmenta kunne oververe møte, òg når andre fylkeskommunale eller kommunale organ enn kommunestyret eller fylkestinget diskuterer årsbudsjettet. Årsbudsjettet er fylkeskommunen og kommunen si viktigaste sak, og ålmenta bør ha fullt innsyn i korleis politikarane ønskjer å disponera fellesskapet sine verdiar, påpeiker Navarsete.

Ho slår fast at det at politikarane er medvitne og har gode haldningar, er grunnleggjande viktig for å sikre at innbyggjarane får innsyn i politiske prosessar. - Eit endå betre regelverk vil dessutan styrke dette, seier Navarsete.

I lovforslaget er det også gjort ei systematisk gjennomgang av kommunelova sine reglar om møteoffentlegheit. Departementet kjenner til at fylkeskommunane og kommunane i dag ikkje alltid er trygge på korleis reglane om møteoffentlegheit skal praktiserast.

- Det er eit mål at dei nye reglane om møteoffentlegheit skal vere presise og enklare å bruke, seier kommunalministeren. - Når reglane blir betre, vil også føremålet med reglane om møteoffentlegheit bli betre ivareteke.

Prop. 152 L (2009–2010) Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak) Endringar i kommuneloven (møteoffentlegheit).


av Torkelsen, Jan H., publisert 23. juni 2010 | Skriv ut siden

Siste fra Politikk

  • Fakta Om Det Nye Fylkestinget
    av jto, 16.09.19

    Fakta om det nye fylkestinget i Agder fylkeskommune

    Les mer
  • Valglogo
    av jto, 12.09.19

    Representantene i det nye fylkestinget

    Les mer
  • Valgurne Illustrasjon
    av jto, 11.09.19

    Valgresultat for fylkestingsvalget

    Les mer