Målt i brutto driftsutgifter brukte fylkeskommunane til saman i overkant av 2,6 milliardar kroner på tannhelsetenester i 2009. Talet er medrekna fylkeskommunar som er organiserte i fylkeskommunale føretak. Dette er om lag 140 millionar kroner meir enn året før og svarar til ein auke på 5,6 prosent. Dei gjennomsnittlege brutto driftsutgiftene per innbyggjar i landet var 536 kroner i 2009, noko som er ein auke på vel 20 kroner per innbyggjar frå 2008. Talet på årsverk for tannlegar går ned, medan talet på både tannpleiarar og utanlandske tannlegar aukar. Gjennomsnittleg tal på hol for 12- og 18-åringar held seg stabilt.

av admin, publisert 21. desember 2010 | Skriv ut siden

Siste fra Tannhelse

  • Tannhelse
    av jto, 12.12.18

    Fylkeskommunen trer ut av Tannhelsetjenestens kompetansesenter Sør

    Les mer
  • Tannbehandlingsenhet
    av jto, 25.10.18

    Tannhelsetjenestens arbeid på folkehelseområdet skal styrkes

    Les mer