Regjeringa føreslår at den som er sett opp på ei vallista og ikkje ynskjer å stille til val, kan få sleppe. Demokratisk deltaking bør vere basert på engasjement og fri vilje, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Fredag foreslo regjeringa fleire viktige endringar i vallova: Det skal bli enklare å få fritak frå å stille til kommune- og fylkestingsval. Det stilles krav til forsegling av valurner og krav om at listekandidatar ikkje kan ha oppgåver i vallokalet. For å gi kommunane tid til å områ seg og sikre at denne endringa ikkje fører til praktiske problem ved valgjennomføringa i haust, vil ikkje kravet om at listekandidatar ikkje får ha oppgåver i vallokalet tre i kraft før 1. januar 2012. Det vert og føreslått einskilte tekniske endringar i reglane for manntal og fristberekning.

I lova har alle no plikt til å stille til val dersom ein blir nominert, sjølv om ein ikkje ønskjer det. Reglane for å krevje fritak er strenge. Dette har ført til at fleire i realiteten må melde seg inn i eit anna politisk parti enn den lista ein er ført opp på, for å sleppe å stille til val. No ønskjer regjeringa ein generell fritaksregel.

-Det at nokon skal tvingast til å stå på ein valliste dei ikkje sympatiserer med, vil for mangeLiv Signe Navarsete Kommunal- og regionalminister opplevast som urimeleg og vere i strid med den einskilde si rettskjensle, seier Navarsete. - Vi ser at desse reglane har vore utnytta til å nominere kjende personar mot deira vilje for å få merksemd. Eg meiner slike episodar er uheldige både for dei involverte og for demokratiet.

Regjeringa foreslår også at alle valurner skal forseglast og at listekandidatar ikkje kan ha oppgåver i vallokala. Dette er oppfølging av oppmodingar frå Organisasjonen for samarbeid og sikkerheit i Europa (OSSE) etter deira valobservasjon av stortingsvalet i 2009. Regjeringa ønskjer krav om forsegling av valurner på valdagen. I dag er det berre krav til forsegling ved transport og oppbevaring og ved førehandsrøystinga.

Regjeringa legg også fram forslag om å utelukke kandidatar som stiller til val frå å ha oppgåver i vallokala. Mange kommunar har brukt listekandidatar i valgjennomføringa tidligare.

- Det er viktig at dei som har ansvaret for gjennomføring av valet opptrer upartisk, og at veljarane har tryggleik for at dette er tilfelle. Sjølv om dette ikkje har vore eit stort problem i Noreg, meier eg dette er eit så viktig prinsipielt spørsmål at ei endring likevel er nødvendig, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Forslaga har vore ute på brei høyring i haust.

Prop. 64 L (2010–2011) Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak) Endringer i valgloven og kommuneloven (ombudsplikten, forsegling av valgurner mv.).


av admin, publisert 31. januar 2011 | Skriv ut siden

Siste fra Politikk

  • HU Utdanning Og Kompetanse 2019
    av jto, 12.11.19

    Forberedelsen til fire år med politisk virksomhet i gang

    Les mer
  • Bli Med På UFT
    av jto, 08.11.19

    Er du mellom 15-19 år? Bli med Ungdommens fylkesting

    Les mer
  • FT-web -22.10.19
    av jto, 16.10.19

    Følg fylkestingets møte 22. oktober direkte på web-TV

    Les mer